Spørsmål & svar
-
Kva fylke og kommunar er med på Sommarles i år?
-
-
-
For å registrere deg, går du inn på ny brukar, les brukaravtalen saman med foreldre/føresette og godkjenner. Du må fylle inn e-postadressen til ein av dine foreldre/føresette for å delta. Når du har registrert deg, vil de få ei stadfesting på e-post om at du er registrert. Vel ditt bibliotek og fyll inn ditt eller ein av dine foreldre/føresette sitt lånenummer. Viss de ikkje har lånekort, kan de få det på biblioteket.
-
Det beste er å kontakte det lokale biblioteket ditt for å få ordna eit lånekort. I første omgang går det an å fylle inn "0" i lånenummerfeltet. Du kan endre det på Endre profil når du har fått eit lånekort med lånenummer.
-
-
Du kan lese kva som helst av bøker! Du kan også lytte til lydbøker eller la mamma, pappa eller nokon andre lese høgt for deg. Viss du vil ha lesetips er det berre å ta ein tur til biblioteket og spørje dei som jobbar der. Dei er kjempeflinke til å finne bøker til deg!
Det vi ikkje godkjenner på Sommarles er aviser (med unntak av Aftenposten jr. og Fremtida junior), oppslagsverk (som for eksempel leksikon og atlas), lærebøker (med unntak av reine lesebøker) oppskriftsbøker (som kokebøker og strikkebøker), kalenderar, blad (for eksempel Julia, Wendy og Donald), nettartiklar, aktivitetsbøker/fargeleggingsbøker og podcaster. Elles er det lov å registrere alt av bøker og pocket-bøker med tekst, bilde eller teineseriar.
Du kan lese bøker på andre språk enn norsk også. Det er ikkje så mange utanlandske bøker i bokdatabasen, men dei kan leggast inn manuelt og godkjennast av ein bibliotekar.
Leitar du etter ei god bok? Ta ein titt innom boksok.no for å finne gode bøker, heilt enkelt. -
Viss du synest det er vanskeleg å lese mykje, kan du lytte til lydbøker, få nokon til å lese høgt for deg eller lese saman med nokon andre. På boksok.no kan du finne gode bøker, heilt enkelt. Du finn mange ulike lydbøker på det lokale biblioteket ditt.
Visste du at det finst eit eige bibliotek med lydbøker for alle som strevar med å lese? NLB har tusenvis av populære og aktuelle lydbøker for barn og ungdom. Det er gratis å låne, og med appen 'Lydhør' kan du lytte med mobil og nettbrett. Besøk www.nlb.no og finn ut meir. Der får du også boktips og oversikt over dei nyaste lydbøkene. -
Ein avatar er ein figur du vel for å representere deg på nettsida. På Sommarles er mange av avatarane figurar og objekt frå norrøn mytologi. Du kan endre din avatar når som helst, ved å klikke på skjoldet ved sidan av “Hei [Ditt brukarnamn]” øvst på sida. Då vil du sjå profilsida di med oversikt over alle trofea dine. Om du har fått ein avatar, er det ein "Vis"-knapp på trofeet, som du kan klikke på. Eit pop up-vindauge kjem opp, der du kan trykke "Vel avatar".
-
-
Nettstad
-
-
Viss du ønsker å slette kontoen din, kan du sende ein e-post til [email protected] frå same e-postadresse som kontoen din blei oppretta frå. Oppgi brukarnamnet du ønsker at vi skal slette. Når du har stadfesta at kontoen skal slettast, vil all informasjon lagra på kontoen bli sletta.
-
Om du ønsker å laste ned lesedata frå Sommarles, gå inn på "Min profil" og vel "CSV" eller "Print". Om du vel "Print" vil du få ein PDF med all din lesehistorikk og data på Sommarles.
Lær meir om Sommarles.no på altom.sommarles.no