Om Sommarles

Sommarles er ei lesekampanje som biblioteka arrangerer for barneskuleelevar i sommerferien. Kampanjen varer frå 1. juni til 31. august. Deltakarane samlar XP (poeng) ved å løyse oppgåver, stikke innom det lokale biblioteket for å hente kodeord, og framfor alt, lese og registrere så mange bøker dei berre orkar gjennom heile sommarferien! Deltakerne får dessuten eksklusiv tilgang til ei spesialskriven Sommarles-forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.

Deltakarane vinn digitale trofé og små premiar dei kan hente på biblioteket. Det er mange forskjellige premiar å velje mellom, og deltakarane får beskjed når dei har samla nok XP til å hente ein premie.

Takk til

  • Christer og Clare Eckermann ved Snuti, sammen med Shaivya Saraswat for utvikling og design av Sommarles.
  • Arbeidsgruppa for Sommarles i Finnmark fylkesbibliotek og Østfold fylkesbibliotek, for mange timar arbeid med å utvikle sommerles.no, spesielt Anne, Sunniva, Anita, Mona, Elin og Ingvild.
  • Vestfold Fylkesbibliotek for prosjektleiing og arbeid med utviklinga av Sommarles, spesielt Pernilla, Siri, Tale og Jan-Egil.
  • Mari Moen Holsve som har skrive ei fantastisk Sommarles-forteljing.
  • Knut Stave for omsetting til nynorsk.
  • Elen Ragnhild Sara for omsetting til nordsamisk.
  • Kristine Rui Slettebakken og NLB for lydbokversjon av Sommarles-forteljinga.
  • Alle deltakarbiblioteka og bibliotektilsettte, for positivitet og entusiasme kring Sommarles-kampanjen.
  • Leser søker bok og Foreningen les, for støtte av Sommales.
  • Olaf Moriarty Solstrand / Ski bibliotek og Akershus fylkesbibliotek for inspirasjon.