Slik fungerer Sommarles

  • Spør mamma, pappa eller ein annan føresett om lov til å delta. Ha lånekortet ditt klart!
  • Lag ein brukarkonto ved å klikke her.
  • Finn, lån og les bøker!
  • Få XP (erfaringspoeng) og kule trofé ved å:
  1. Lese mest mogleg! Registrer alt du les undervegs. Jo meir du les, jo fleire XP får du!
  2. Lese eit nytt kapittel annakvar veke i den superspennande fantasyforteljinga, skriven av Mari Moen Holsve. Få poeng for å løyse oppgåvene knytte til forteljinga.
  3. Hente kodeord annakvar veke på biblioteket.
  • Undervegs gjer du deg også fortent til små premiar som kan hentast på biblioteket ditt. Du vil få beskjed når du har nok poeng til å hente premie.
  • Følg med på kva vennene dine les, kva bøker som er mest populære og sjå kva andre synest om bøker dei har lese!
Registrer deg no!