Endeleg sommarferie og ny Sommarles!

Delta i Noregs største og kulaste sommarleskampanje.

Registrer bøker du har lese!

Les så mykje du orkar i sommar, samtidig som du samlar XP (poeng), trofé og premiar. Stikk innom biblioteket, lån med deg bøker og hent kodeord og premiar. Hugs å registrere alt du les - kvar einaste side tel! (Utvalet av premiar varierer frå bibliotek til bibliotek.)

Les den superspennande forteljinga

Berre på sommarles.no! Les den superspennande forteljinga «Jakta på tidstjuven» skriven av Mari Moen Holsve spesielt for Sommarles! Få endå fleire poeng ved å løyse oppgåver knytte til forteljinga.

Sjå og følg vennene dine

Følg med på kva vennene dine les, sjå kva som er dei mest populære bøkene på Sommerles og sjekk ut korleis barn i dei 300 andre deltakarkommunane ligg an.